tysdag 29. mai 2012
NQT 2012.
Var i Ålborg, Danmark på Nordisk Quiltetreff. Vi var 11 damer fra Nordfjord Lappe og Quiltetur som reiste 17 mai. Vi hadde to fantastiske dagar i Ålborg, kurs, foredrag og utstilling. Det som var veldig kjekt var å gå mellom alle butikkene som var samla på ein plass. Gikk på 3 timars kurs med Karin Østergård. Foredrag om korleis utnytte restane, fekk sjå store flotte tepper. Flott utstilling, fekk "roen" heilt med å gå iblant alle dei flotte teppa. Vart handla litt, mange fine ideer å hente, det kjem nok etterkvart når sylysta kjem. Takk til reisefølget, var veldig kjekt å vere på tur ilag med dokke.
tysdag 15. mai 2012
Skopose.
torsdag 10. mai 2012
fredag 4. mai 2012
Krusematter.
Har sydd to krusematter i bursdagspresang. Ho som fekk løparen i eit tidligare innlegg har fått desse.
fredag 27. april 2012
"En liten tur ut"
Denne lille "vesken" er fra MyQuilt. Har brukt fra "paris stoffet". Skal ha ein lang hank på men ønsker idee til det. Hadde vore greit om det var ei ferdig snor eg kan bruke. Knappen kjøpte eg på Quiltekroken, kanskje litt stor!
tysdag 24. april 2012
Småting.
måndag 16. april 2012
Løper til bursdagspresang.
tysdag 10. april 2012
måndag 9. april 2012
Kurs med AnnAKa.
Har vore på kurs med Ann, veldig kjekt. Lærer mange triks og enkle løysingar, og det lille ekstra får vi med. Stitcheryet på sminkepungen fant eg her på Ka du sei sin blogg, takk til ho for det. Laga skrin og sminkepunger, har laga fleire etter desse mønstra.søndag 26. februar 2012
Buggy Barn.
Buggy Barn teppe i svart, grått og litt rødt. Laga ein vri med annakvar rute med trekantar. Har quilta i saumane, skal sy rundt stjernene før eg leverar dette fra meg.Flees på baksida, synest det er deilig å legge over seg. Elste dattera skal få dette, syntest desse fargane passar i leiligheta henna.onsdag 15. februar 2012
Resteteppe.
onsdag 1. februar 2012
Skattar fra restekassa.
I helga var eg på kurs med Nancy Eriksen, "Skattar fra restekassa". Så langt har eg kommt, skal bli sengeteppe. Veldig kjekt kurs, vart inspirert til å bruke restar, eller stoff som eg ikkje syns om no. Mange minner dukka opp med dei forskjellige stoffa. Syrommet er i kaos, her blir stoff plukka fram til nye blokker. Nancy fortalde oss om boksane ho hadde sortert restane i, kanskje mine blir sortert etterkvart. Sjå meir på NLQ sine sider om den kjekke helga eg har vore med på.torsdag 26. januar 2012
Strikkepose.
Yngste dattera har lært å strikke, mora til kjæresten har hjelpt ho det. Det er eg veldig glad for, da har begge jentene strikketøy. Eg har sydd pose til å ha strikket i, går ikkje å bruke plastpose.Til helga skal eg på kurs med Nancy Eriksen, lenge sida eg har vore på kurs . Dette gler eg meg til, kanskje det minkar på restekassa.
måndag 23. januar 2012
Snømann og kone.
måndag 16. januar 2012
Løpar.
søndag 8. januar 2012
Mobilmapper.

I haust har eg sydd mange små vesker til å ha mobil i, vart veldig populær blant vennene til eldste datter. Mønsteret fant eg her på denne bloggen. Kjekt med litt personlig vri, farger og litt perler som passer.
torsdag 5. januar 2012
Pung!
laurdag 31. desember 2011
Godt nyttår.
Heilt på tampen av året vart eg ferdig med resteteppet. Begynnte å quilte, men vart ikkje fornøyd, da vart det liggande. Tok det igjen i romjula og da vart det frihansquilting av teppet. Romjula vart ikkje heilt som planlagt, "Dagmar" reiste med delar av taket på huset vårt. Utrivelig 1.juledagskveld, ingen vart skada, tak og veggar som vart våt kan reparerast.fredag 30. desember 2011
Fleire julegaver.
Desse var veldig smarte, til å ha smykker, øredobber eller andre små ting i. Det som er ned i dett ikkje ut om den ligg i toalettveska. Eg fekk ein slik fra Elin (takk til ho) i vår, det var som takk for at ho fekk "sjå "på bloggen min. Eg brukar den med øyredobbar i, om det er diamantar kan vere hemmelig. Dette vart nokre vennegaver, håper dei forstår kva den skal brukast til no.torsdag 29. desember 2011
Julegaver.
søndag 25. desember 2011
måndag 5. desember 2011
Adventsløpar.
måndag 14. november 2011
Advent og jul.
onsdag 9. november 2011
Duk.
onsdag 28. september 2011
Bakeklede.
søndag 25. september 2011
laurdag 17. september 2011
torsdag 15. september 2011
laurdag 10. september 2011
fredag 2. september 2011
Låvemesse.
tysdag 23. august 2011
Tepper som varmer.
Har sydd to tepper til "Tepper som varmer" aksjon i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Kan lese meir om det her. Har brukt ein del blokker og oppskjærte kvadrat eg har hatt liggande. Begge er det flees på baksida. Håper vi kan få ei fin utstilling av dei som er sydd når vi skal ha Låvemesse 3-4 september!
søndag 7. august 2011
Gryteklutar.
søndag 10. juli 2011
"Postveska"
laurdag 9. juli 2011
Blåtur.
Helga for 2 veker sida var ein del medlemmar i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb på Blåtur. Turen var kjent men det vi skulle sy var "blått". Fekk to oppgåver vi skulle gjere klart, dette vart resultatet etter den eine delen. Vi hadde ei kjekk helg, laurdag var vi ilag med quiltedamer fra Vestnes og omeng. Magnhild Tautra var kursansvarlig og ho viste oss sine flotte premietepper. Hadde flott Vis og Fortell gjennom heile dagen, fekk mykje inspirasjon til å ta med heim. Takk til damene der som stillte opp. Fleire bilder fra turen ligg på klubben sin blogg her. søndag 19. juni 2011
Sommarduk.
Sommarduken har fått to navn på, har vore på ferie i to veker. Har vore på Madeira og Porto Santo. Var to døgn på Porto Santo, ei lita øy nord aust for Madeira. Resten av tida har vorte brukt på Madeira, ein opplevelses ferie. Varmt, sola skein ikkje alle dagane, det var noko vi hadde rekna med. Fin øy med mykje flott blomster.søndag 29. mai 2011
Sommarduk.
laurdag 28. mai 2011
Trusepose.
onsdag 18. mai 2011
Handlenett.
Vel overstått nasjonaldag, håper alle har hatt ein fin dag. Her har det vore regn og skodde ned i fjella, frista ikkje å gå i tog da. Brukar å gå i nesten alle toga men er ikkje kjekt med våt bunad. Når det vart kveld kom sola, da kom bukse og allversjakke på, Klara og eg hadde ein fin tur rundt i bygda. Dette nettet sydde eg for ei stund sida. onsdag 11. mai 2011
Buggy burn teppe.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






































